-Nå har vi ringt og snakka med så å seie alle gardbrukarar i Nord-Aurdal med båsfjøs, fortel prosjektleiar Jonas Kjøs frå NLR. Dei set pris på at vi ringjer og har eit engasjement for at flest mogleg skal få oversikt over moglegheitene sine og vurdert ombygging. Nokon er allereie i prosess og veit at dei vil byggje, medan andre synest det kan vere nyttig å delta i ei lausdriftsgruppe.
-På gruppesamlingane snakkar vi om å kartleggje ressursane på garden, aktuelle bygningsløysingar og finansieringsmoglegheiter. Vi plar også å reise ut og sjå på nokon typar fjøs som deltakarane synest kan vere interessante.
I går var det fagdag med Innovasjon Norge på Fagernes. Det er gode finansieringsordningar for tida med inntil 50 % støtte frå Innovasjon + 700 000 kr frå Innlandet fylkeskommune. Fleire av kommunane har i tillegg eigne tilskot. Samstundes opplever mange at det er krevjande å finne fram i tilskotsordningane og få sendt inn søknadar, så det er behov for organisert søknadshjelp.
Lausdriftsprosjektet i Valdres vart starta med støtte frå Innlandet fylkeskommune og omfattar fleire kommunar. Seinare har det blitt ei ekstra satsing i Nord-Aurdal. -Nord-Aurdal kommune er opptatt av at alle bønder med båsfjøs skal bli kontakta og få tilbod om å vere med i ei gruppe, seier omstillingsleiar Siri Ødegaard.


