– Eg er allereie såpass pressa på tid og økonomi at eg synes eg ikkje kan yte meir, seier han. Derfor må prosjektet lønne seg på eigen kjøl og i alle fall utan vesentleg eigeninnsats.
Med dette som bakteppe vil han hente hjelp frå NLR med bidrag frå bygg og økonomi, men også jord- og plantefag og kanskje U-mek for å sjå kva som trengs for å byggje ut- og drive optimalt.
– Eg hadde gjerne sett at NLR hadde tilbydd dette som ein komplett pakke for å avklare slike spørsmål som kjem opp ved bruksutbygging, legg han til.
Han er elles medlem i Regionutvalet for Midt-Noreg med klare meiningar om kva NLR skal tilby av tenester – og korleis NLR skal utvikle seg.
Aukar kvoten
Roar Svanem har i dag ein båsfjøs med plass til 22 mjølkekyr og ein kvote å ca. 110.000 liter. Nyss har han fått hand om 95 mål jord attåt slik at han no kan auke kvoten til 200.000. Han fortel vidare at han kjem til å søkje driftsavklaringsmidlar for å finansiere den rådgjevinga som er nemnt ovanfor, og som han meiner bør vere sjølvsagt for ei kvar driftsutbygging i landbruket av noko omfang.
Biogassanlegg
Når han no viser til utbygging for fem års tid sidan, dreiar det seg om eit biogassanlegg med ein prislapp på ca. 40 mill. kr. I tillegg til den økonomiske sida av investeringa, var dette «nybrottsarbeid» i form av møte med eit offentleg apparat som ikkje var rigga for handsaming av slike saker. Det medførte eit skjemavelde av ei anna verd som strekte seg over fleire år, med uklare og til dels motstridande oppfatningar om kven som skulle handsame og godkjenne dei ulike delane av prosjektet.
Brei erfaring
– På den positive sida førte det til ei solid erfaring frå gjennomføring av eit stort og komplisert utbyggingsprosjekt, legg han til, og reknar med at det kjem godt med. Elles er han godt van med bygningsarbeid då han har bygt einebustad og sett i stand våningshuset på garden. I tillegg har han arbeidd fleire år i byggebransjen som elektrikar, betongarbeidar, snikkar, flisleggar og målar.
– Så akkurat å byggje ut fjøsen ser eg ikkje så mørkt på, men som sagt; det skal lønne seg, understrekar han, og det utan å sjå leggje opp til den store eigeninnsatsen.
– Arbeidsmengda er stor nok som den er.

Meir og mindre, ikkje mindre og meir
– Om eg ikkje sit att med meir i lønn enn før eg bygde, så blir det ikkje noko av, og like eins om arbeidsmengda blir vesentleg større. Målet er at arbeidsmengda skal bli mindre med overgang frå bås til lausdrift og robotar for mjølking og skraping.
For å få til dette, ser han føre seg å nytte dagens driftsbygning fullt ut med ikkje altfor stor ombygging, og så med tilbygg for robot, tankrom, teknisk rom, birom med kontor, smittesluse og bad samt luftegard med tak over.
