– For å nå målet om ti prosent økologisk må fleire konvensjonelle legge om sin produksjon til økologisk. Vi greier ikkje auke produksjonen så mykje på eksisterande økoareal. Bruk sjansen til å sjå gardsdrifta med nye auge, seier Kjersti Berge, fagkoordinator økologisk i Norsk Landbruksrådgiving (NLR) SA.
Sjekk ditt potensiale
Å legge om til økologisk er ein prosess som krev tid og kunnskap.
– Det fyrste ein må gjere er å sjå kva ressursar ein har på garden, til dømes om ein har jordtypar som er godt eigna for økologisk produksjon. Vidare må det vere arbeidskapasitet til å gjere dei rette tiltaka til rett tid, seier Berge.

Vidare forklarer Berge at ein bør vere glad i landbruksfaget generelt og drive godt som konvensjonell produsent før ein går i gang med omlegginga. Ein må óg ha moglegheit for allsidig drift med eit visst vekstskifte gjennom eigen produksjon eller gjennom samarbeid med andre.
– Dette er avgjerande for gode resultat i produksjonane, seier ho.
Vidare kan arealkrav for husdyr vere ein mogleg flaskehals for ein del ved omlegging til økologisk.
Marknadsutfordringar
Den største utfordringa for mange er imidlertid marknad og mottaksapparat for økologisk produserte varer.
– Det er heilt avgjerande at dei økologisk produserte varene når marknaden og vert selde. Her er det mykje ugjort. Eg håpar at målsettinga om ti prosent økologisk óg medfører at marknadsaktørane gjer eit løft, seier Berge.
Råd med rådgjeving
Og det skal ikkje mangle på rådgjeving til bøndene som ønskjer hjelp til vurdering av potensiale for økologisk produksjon på eigen gard.
– Vi har mange rådgjevarar med økologisk spisskompetanse innan ulike produksjonar, held Berge fram.
Deltaking i ei rådgjevingsgruppe kan vere eit godt tiltak for å lære meir om ulike økologiske produksjonar i praksis.
– NLR arrangerer mange kurs og rådgjevingsgrupper rundt om i landet. Er du nysgjerrig på kva det inneber i praksis å vere økologisk produsent, er dette ein god stad å starte. Er det ikkje gruppe i ditt område, melder du interessa til ein rådgjevar, gjerne saman med kollegaer innan same område, seier Berge.


