Det har vore ein del tele i stordelen av Trøndelag og no er det tørt. På mange plassar ser ein at det har vore noko soppangrep. Ein del eng er tynne, så vurdere om du skal reså no, når det enno er att godt med jorderåme.
Korleis estimerast vekststart?
Estimert vekststart er dato for tre påfølgande femdøgnsmiddel med lufttemperatur høgare enn 5°C og med ein samtidig jordtemperatur (10 cm djupt) for dette tidsintervallet høgare enn 1°C. Dersom jordtemperatur manglar, nyttast berre lufttemperatur.
Vekststart i Trøndelag
Vekststart Kvithamar er ein av våre tidlegaste plassar, her reknar ein at veksten starta allereie 10. april, i Overhalla sette ein start den 12. april. På Ørlandet kom det om lag like tidleg. På desse plassane er det full våronn og møkkjøringa er godt i gang.
I fjellbygdene ser det ut til at tele held på å sleppe. Vi er glade for den væta det var i telen, for med vind på døgnvis er faren for at det vert for tørt. I Soknedal og Rennebu er verstasjonane våre kome opp sist veke, jordtemperaturane med frå 15. april. For å finne vekststart har vi sett på data frå meteorologiske: Rennebu ved kirka på 211 moh og i Soknedal ved kirka (279 moh) reknar vi vekststart 14. april.
Oppdal (545 moh) er snart oppe i ein gjennomsnitt på 5 grader over dei siste dagane. Timoteien står lilla, som viser at den har starta, men det har vore så kaldt i jorda at jorda ikkje har moblisert nok fosfor til groen.
Den beste måten for å sjekke vekststart er å gå ut i enga og sjå om det kjem nye, friske blad nede ved bakken. Enga kan sjå grøn ut på avstand der det er lite fynn/daugras, men når ein kjem ned på kne ser vi at det er gamle, litt vissengrønne blad. Ta og med spade og sjekk røtene – Kvite, friske røter tyder på nytt liv.
Vekststart i Møre og Romsdal
Berekna vekststart var 10.-11. april for dei fleste stadene i Møre og Romsdal. Ved kysten og på øyene var det muligens tidlegare og på Linge reknast vekststart allereie 17. mars!
Det er fleire som er i full gang med møkkakjøring og åkerarbeid over heile fylket. Siste veka har det også gått ein del i vedlikehaldssåing - vinteren har vore hard for overvintringa fleire stader. Det er mange som prioriterar å få gjødsla bakkar og blaute markar no før regnet kjem i helga, sidan areala har tørka bra opp siste vekene. Ellers er lamminga godt i gong høyrest det ut for, så då blir det vel snart sau å sjå på beita framover.







