NLR arrangerer i desse dagar markdagar med bruk av drone i beite. Desse inngår i prosjektet «Berekraftige innmarksbeite» med delfinansiering frå Vestland fylkeskommune. Overordna mål med prosjektet er å auke kompetanse og kunnskap rundt beitestell blant bøndene i Vestland. Målet er å halde beiteressursane i hevd og stanse reduksjonen i beiteareal m.m.

Kan drone hjelpe oss i framtida?
I denne omgang har vi hatt fire markdagar der drone er synt i bruk i beite. Det er enno eit stykke fram før dronen kjem i aktiv bruk blant bøndene. Spesielt når det gjeld sprøyting har vi ein veg å gå med å få godkjent ulike formalitetar. Det krevst også utdanning av dronepilotar. Det mest nærliggande er nok bruk av drone til gjødsling og kalking. Alt no har vi grupper av bønder på Vestlandet som har kjøpt inn drone til bruk i beite. Vi må rekne med at bruk av større dronar i framtida vil auke nytten.


