– Kjellarkontrollar i regi av NLR starta fyrst i Landbruk Nordvest og NLR i Trøndelag. Etter NLR vart samla til eitt, har vi bygt opp eit nett av kontrollørar som skal dekke heile landet, seier avdelingsleiar Jan Arve Langørgen. Og vi er godt i gang, legg han til. I alt er det 12 byggrådgjevarar som driv med dette.

På kontroll i Ytre Snillfjord
Det er byggrådgjevarane Linn Bengtson og Ola Sæter Grenne som er på kontroll hos Silje Fletcher Volden og Nathan Fletcher i Ytre Snillfjord i Heim kommune. Driftsbygninga deira er ifrå ca. 1990, og resultatet her viste seg å vere bra.
Likevel er det fornuftig å ta ein kjellarkontroll no, ettersom dei har planar om ombygging, seier Ola.
– I slike tilfelle er det viktig å få klarlagt tilstanden på kjellarkonstruksjonane før ein investerer i ei utbygging som kviler på kjellaren, seier Linn som også skal planlegge for desse arbeida.
Finasiering
Dersom ein har fått avklaringsmidlar frå Innovasjon Norge til førehandsvurdering av ei driftsutbygging, kan ein kjellarkontroll finansierast av desse midlane.
Reparasjon
Det finst fleire måtar å reparere betongkonstruksjonar på. Om karbonatiseringsfronten ikkje har nådd inn til armeringa, kan det reparerast med å meisle bort betong til ein kjem fram på frisk armering, sandblåse bort rust som måtte vere på armeringa og så legge på ein høveleg reparasjonsmørtel.
Er armeringa sterkt skadd og karbonatiseringsfronten komen for langt inn, må ein ofte erstatte til dømes dragarar med nye eller ein kan støype ein ny dragar utanpå den eksisterande.
Eit anna alternativ som vert brukt, er sprøytebetong. Førebuingane er her som dei andre reparasjonsmetodane.
Er det skader på spalteplanken, er det utskifting som gjeld, og ein må gjere ei vurdering om all planken bør skiftast, eller om ein kan klare seg med utskifting av det som er skadd.
To og to
Dei som kontrollerer, arbeider to og to av omsyn til tryggleik og praktisk utføring av arbeidet. Dei er utstyrt med pustemaske kopla til frisklufttank på ryggen. Så er dei iført brysthøge vadarar ettersom dei nødvendigvis må vasse i gjødsla, samt regnjakke med hette, hanskar, hovudlykt og kamera.
- Avskraping vert gjort med ien barkespade
- Eit apparat vert brukt til å måle armeringa og overdekkinga
- For å kartlegge karbonatiseringsfronten, vert det bora eit hol i betongen som vert spraya med ein indikatorveske som ved fargeskifte viser kva som er frisk- og kva som karbonatisert betong
- Skarpe- og bankeprøve vert brukt for å vurdere betongkvaliteten.

Karbonatisering
Karbonatisering er ein omdannings-prosess i betongen. Betong er i utgangspunktet basisk (pH = ca. 12,5-13,5), og i den tilstanden vernar den armeringa mot rust. Men gjennom karbonatisering får den lågare pH (ca. 8-9). Då byrjar armeringa og ruste, og etter kvart sprengjer den ut betongen og vert frilagt heilt eller delvis. Dermed får rusten endå betre tak og utviklar seg endå raskare.
Ikkje for mykje gjødsel
Føresetnaden for å kunne gjennomføre ein kontroll er at gjødseldjupna ikkje er for stor. Helst ikkje meir enn 30-40 cm, og det er ein (stor) fordel om gjødsla er opprørt slik at den er lettflytande og dermed lettare å ta seg fram i. Det må også vere ein noko lunde grei tilkomst til kjellaren anten via port, pumpekum, pumpeluke eller luke i golvet.
Fare for store konsekvensar
Det skjer frå tid til annan, og ikkje reint sjeldan at ein gjødselkjellar kollapsar med dei følgjene det har. I tillegg til bygningsskaden og fare for at husdyr hamnar i kjellaren, risikerer bonden straff for forureining etter gjødselvareforskrifta som krev at gjødsellager skal vere tett; og lov om hald av husdyr som krev forsvarleg oppstalling.
Oppå dette kjem det at forsikringsselskap i sine sikkerheitsforskrifter fråskriv seg ansvar for kjellarar som eldre enn 20 år. Dette borgar i seg sjølv for ein kjellarkontroll, men det vert arbeidd med å få til ei ordning der også eldre kjellarar kan dekkast av forsikringa dersom ein kan dokumentere kjellarkontroll som viser at den er i god stand; alternativt at påviste skader vert reparert.

Dragarar, kantar og spalteplank mest utsett
Først og fremst er det dragarar som er utsett og i stor grad under gjødselnedslepp. Like eins kantar langs gjødselrister. Skadane kan ha fleire årsaker.
Spalteplank viser seg å ha både svært varierande tilstand og alder. I eldre tider vart dei ofte «heimestøypt», men det er heller ingen garanti at dei er fabrikkprodusert. Spalteplank er slanke konstruksjonar med knapp overdekking og med vesentleg kortare forventa levetid enn andre betongkonstruksjonar i fjøsa.
Andre skader
Noko som også er viktig, er samanbinding av betongkonstruksjonane. Typisk samanbinding av hjørna mellom veggar og mellom veggar og dragarar. Her må ein meir vurdere korleis kjellaren er konstruert så langt det er råd.
Er det sprekker i veggar, må også desse vurderast medtanke på om reparasjon er naudsynt.
Mest skader på kjellarar frå 60/70-åra
Både betongkvalitet og overdekking utanpå armering er viktig for levetida til ein betongkonstruksjon. Så spelar naturlegvis alderen inn, men også kvaliteten på betongarbeid og kva standardar som galdt i ulike periodar. Så må ein ha i mente at ein gjødselkjellar er noko av det mest aggressive miljø betong vert utsett for.
– Veldig generelt kan ein seie at fjøsbygg frå 1960- og 70-åra er meir utsett. Dei på 80-talet er betre og bygg etter ca. 1990 endå eit hakk betre, Ola Sæter Grenne.
Trenger du hjelp til ein sjekk av din kjeller?


